All posts by Nils Norman Haukås

Valgomat for forskingsdagane 2012

I anledning forskingsdagane 2012 blei eg kontaktet av Institutt for Sammenliknende Politikk ved Universitetet i Bergen (Sampol). Dei ønsket å få i stand ein valgomat, eit program med ein spørreundersøking som skulle kunne vise kva for politisk parti personen var mest einig med.

Barn som bruker applikasjonen på stand under forskingsdagene

Standen opplevde å bli flittig brukt under hendinga.

Storskjerm med aggregerte resultater frå valgomaten.

På storskjerm kunne ein sjå ein løpande oppsummering frå valgomat resultata.

Samarbeidsprosess

Me kasta idear fram og tilbake på fyrste møtet. Med utgangspunkt i ideane deira kunne eg fortelje kva som ville vere lett å få til og kva som ville kreve ein del arbeid. Me diskuterte oss fram til kva som burde vere med i det ferdige produktet, og eg gav dei eit estimat på kor mykje det ville koste.

Etter at me var blitt einige om å samarbeide formaliserte me samarbeidet skriftleg. Samtidig la me også ned måldatoer med mål om kor langt produktet burde vere utviklet på visse punkt. Deretter gikk det slag i slag til levering.

Designløysing

Det ferdige produktet blei ein dynamisk webapp basert på Node.js der besvarte spørjeundersøkingar blei automatisk oppsummert og vist på storskjerm i form av eit animert søylediagram.

I praksis klarte standen å engasjere dei besøkande, og dei animerte søylene storskjermen var med på å lokke folk nærare. Resultatet var eit fint samarbeid.

Oppstart våren 2014

Heisann,

thunki er hjartebarnet til tre glade frilansere som bestemte seg for å byrje å jobbe saman våren 2014. Nett no er me travelt opptatt med å rigge til i kulissene.

Me leverer konsulenttjenester og designløysinger i form av skreddersydde webløsninger, apper, film & foto, visuell branding, wordpress kursing, og multimediedesign.

Ta ein titt på dei tidlegare prosjekta våre. Viss du sit med eit prosjekt du lurer på om me kunne utført, så er det berre å ta kontakt: nils@thunki.com

Vennleg helsing,
Nils N. Haukås – Utvikler
Mimi Haukås – Grafisk designer
Svein Rasmussen – Filmfotograf og utvikler